NMCU-kalenderen

Her finner du oversikt over treff og andre MC-relaterte arrangementer som er meldt til oss.

Meld inn et arrangement her! 

Treff i utlandet:

 

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Årsmøte i NMCU Sogn og Fjordane krets

20. januar @ 1:00 pm - 2:00 pm

NMCU Sogn og Fjordane krets innkaller til årsmøte 20. januar 2024

Sted: Sogndal Hotell

Tid:   20. januar kl. 13:00 – 14:00

Godt nyttår!
Gode medlem av NMCU. Styret i Sogn og Fjordane består av underteikna Arvid Stenehjem og Knut Bøthun. Vi ønskjer tilbakemelding på andre kandidatar eller om du støtter at vi held fram også i 2024. Det er særs viktig at du svarer på denne e-posten slik at  vi kan sikre  ei viss demokratisk val av lokalt styre.
Kretsårsmøte skal avhaldast seinast ved utgangen av januar månad og vi set av laurdag 20. januar kl. 13.00 til 14.00, møtestad Sogndal/Skype/Teams på nett. Møterom vert truleg leigd på Sogndal Hotell når vi får mange nok påmelde. Så hugs å gi tilbakemelding til arvidstenehjem737@gmail.com om du kjem.
Dagsorden på kretsårsmøte blir:

A. Opning – velkommen og oppteljing av deltakarar

B. Godkjenning av dagsorden, val av møteleiar, val av to referenter, val av to til å underskrive protokoll

C. Styret summerar opp aktiviteten i 2023. Møte med stand på motortreff i Sogndal,  «Bli sett dagen», pressemeldingar, radiointervju NRK og besøk på samling i Kråkemarka motorsenter Førde. Vidare delteke på møter med sentralstyret sitt kretsleiarmøte og årsmøte. To møter med MC-forum invitert av NMCU Møre og Romsdal. Utdeling av materiell til trafikkskular.

D. Rekneskap – kretsen har kr. 4000,- på konto. Desse vart overført i 2023 frå sentralstyret og har stått urørt på eigen konto.

E. Innkomne sakersend inn dine saker

F. Plan for aktivitet i 2024 – tilsvarande aktivitet som i år 2023

G. Budjettframlegget  – vi får truleg nye kr. 4000,- overført frå sentralstyret i 2024. Det betyr av vi vil ha kr. 8000,- på konto i 2024.

H. Val:  Leiar skal veljast for eitt år, nestleiar og kasserar for to år og valkomitè for eitt år.

NMCU sitt årsmøte er lagt til Bodø den 24. februar. Det er interessant å få tilbakemelding på kor mange som har høve til å delta på årsmøtet i Bodø? Reise- og opphaldsutgifter vert ikkje dekka.

Årsmøte NMCU 2024 – NMCU Norsk Motorcykkel Union

Mvh,
Arvid Stenehjem
-distriktsekretær Sogn og Fjordane
Norsk MotorCycle Union – NMCU
Tlf: 915 76 880

Detaljer

Dato:
20. januar
Tid
1:00 pm - 2:00 pm
Kategori for Arrangement:

Arrangør

NMCU Sogn og Fjordane
Telefon
915 76 880
Epost
arvidstenehjem737@gmail.com
Vis Arrangør nettside

Sted

Sogndal hotell
Sogndal, Norge + Google-kart