NMCU Sogn og Fjordane krets innkaller til årsmøte 20. januar 2024
Sted: Sogndal Hotell
Tid: 20. januar kl. 13:00 – 14:00
A. Opning – velkommen og oppteljing av deltakarar
B. Godkjenning av dagsorden, val av møteleiar, val av to referenter, val av to til å underskrive protokoll
C. Styret summerar opp aktiviteten i 2023. Møte med stand på motortreff i Sogndal, «Bli sett dagen», pressemeldingar, radiointervju NRK og besøk på samling i Kråkemarka motorsenter Førde. Vidare delteke på møter med sentralstyret sitt kretsleiarmøte og årsmøte. To møter med MC-forum invitert av NMCU Møre og Romsdal. Utdeling av materiell til trafikkskular.
D. Rekneskap – kretsen har kr. 4000,- på konto. Desse vart overført i 2023 frå sentralstyret og har stått urørt på eigen konto.
E. Innkomne saker – send inn dine saker
F. Plan for aktivitet i 2024 – tilsvarande aktivitet som i år 2023
G. Budjettframlegget – vi får truleg nye kr. 4000,- overført frå sentralstyret i 2024. Det betyr av vi vil ha kr. 8000,- på konto i 2024.
H. Val: Leiar skal veljast for eitt år, nestleiar og kasserar for to år og valkomitè for eitt år.
NMCU sitt årsmøte er lagt til Bodø den 24. februar. Det er interessant å få tilbakemelding på kor mange som har høve til å delta på årsmøtet i Bodø? Reise- og opphaldsutgifter vert ikkje dekka.
Årsmøte NMCU 2024 – NMCU Norsk Motorcykkel Union